Vegetasjon

Eit vegetasjonskart viser utbreiinga av vegetasjonstypar i eit område. Vegetasjonskartet er den karttypen som gir mest allsidig informasjon om naturgrunnlaget. Det er det næraste vi til no har kome eit økologisk kartverk. Kartet gir informasjon om artsfordeling, økologiske tilhøve og eigenskapar for ulik ressursbruk i utmark. Vel ti prosent av landet er vegetasjonskartlagt.

Planter som har nokolunde same krav til veksevilkår vil finnast på same stad. Vegetasjonskartlegginga tek utgangspunkt i dette, og deler den naturlege vegetasjonen inn i ulike vegetasjonstypar som kvar har visse karakteristiske og dominerande planter.

Vegetasjonskartegging skjer som ein kombinasjon mellom synfaring i felt og tolking av flyfoto. Kartlegginga foregår etter to system Mest brukt er Skog og landskap sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000.

Veiledning i vegetasjonskartlegging
Eit vegetasjonskart viser mosaikken av vegetasjonstypar i eit område. Tek ein utgangspunkt i at vegetasjonstypane speglar veksemiljøet, blir kartet ein oversikt over variasjonen av fleire miljøfaktorar som næring og vatn i jorda, klima, snødekke og kulturpåverknad. Vi kan også knytte ei rekkje eigenskapar til vegetasjonstypane med omsyn til ressursutnytting og arealbruk som beite for husdyr, biotop for viltartar, slitestyrke for ferdsel, forekomst av bær og sopp m.m. Slik blir vegetasjonkartet eit allsidig informasjonsgrunnlag og det næraste vi til no har kome eit økologisk kartverk.

Vi kan dele informasjonen frå vegetasjonskartet i tre grupper:

  • Botanisk informasjon
  • Økologisk informasjon (veksetilhøve)
  • Eigenskapar med omsyn til ressursutnytting og anna naturbruk.

Vegetasjonskartet blir produsert digitalt. Dette gir høve til å analysere kartinnhaldet, teikne ut avleia kart for ulike tema og å lage arealstatistikkar.

Pris for digitale vegetasjonsdata

  • Eitt prosjektområde: kr. 1.000,- + evt kostnad for data til ekstern rettigheitshavar
  • Fleire prosjektområde: Etter medgått tid + evt kostnad for data til ekstern rettigheitshaver

Pris på vegetasjonsdata blir sett ut frå våre uttakskostnader. For eitt prosjektområde er ikkje arbeidet meir omfattande enn at det er vår generelle minstepris som ligg til grunn for prisen. Dersom fleire prosjektområde skal syast saman blir dette fakturert etter medgått tid. Enkelte vegetasjonskart er fullfinansiert av oppdragsgjevar som da er rettigheitshavar til materialet. I slike tilfelle må forespurnad om kjøp av data rettast til rettigheitshavar. I ulik grad finst det eigne avleidde temakart for same prosjektområde. I den grad slik finst vil temakarta følgje med leveransen inkludert i prisen.

Pris for papirkart: Kr 270 per plott + 25% moms.

Grunnlagsinformasjon

  • Kvalitet - Arbeidsforbruk i felt: 3-5 km² pr. dagsverk for oversiktskartlegging, 0,5-1 km² for detaljert kartlegging.
  • Kjelde - Flybilete M 1:15 000- 40 000.
  • Metode - Fotogrammetrisk konstruksjon.
  • Nøyaktigheit - +/-10 m for registreringar fotogrammetrisk konstruert frå foto i M 1:40 000. Tematisk nøyaktigheit er avhengig av informasjonstype. Datastruktur: Geometrisk og topografisk kvalitet tilsvarar SOSI-nivå 4.

Standardleveranse

  • Innhald - Basisinformasjon og avleia informasjon.
  • Koordinatsystem - UTM (EUREF 89 /WGS 84)). Aktuell akse for området.
  • Format - ArcInfo eksportformat, ArcView.shp-format eller SOSI Versjon 3.

Eksempler

Del artikkelen