Frodig utmarksbeite i Nord-Østerdalen

Svartkurle er ein sjeldan orkide, og kan vera eit symbol på dei mange artane som er avhengig at utmarka blir beita. Her frå Vangrøftdalen Foto: Yngve Rekdal
I alle dei tre Nord-Østerdalskommunane Tynset, Tolga og Os er det svært gode utmarksbeite for husdyr. Kartlegging viser at det er rom for ein god auke i dyretal. Skal kvalitetar i utmarka kring beite, artsmangfald og oppleving takast vare på, må det settast inn tiltak som auka beitetrykk, hogst og rydding.

- Norsk institutt for skog og landskap har i perioden 2005-2007, kartlagt vegetasjon og beite på store utmarksareal i Tynset (Gammeldalen), Tolga (Vingelen, Letningslia) og Os kommune (Vangrøftdalen, Kjurrudalen, Håmmålsfjellet). Viktigaste målsettinga med denne kartlegginga er å lage eit grunnlag for planlegging av beitebruk og landskapsskjøtsel i områda. Felles for områda er at det er snakk om store ressursar som ikkje blir bruka optimalt, seier seniorrådgiver Yngve Rekdal ved Norsk institutt for skog og landskap.


På grunn av stor skilnad i berggrunn er utmarka i Nord-Østerdalen heilt spesiell i Hedmark-samanheng. Også i heile Sør-Noreg er det vanskeleg å finne liknande frodigheit i fjellskog og snaufjell. Voksterlege gras- og urterike engbjørkeskogar er framtredande i skogliene, og høgstaudeenger og lågurtenger gjev eit elles karrigt snaufjell, gode vilkår for levande liv av både beitedyr, fuglar og insekt. Særleg viktig for sauebeitet er eit høgt innslag av snøleievegetasjon over skoggrensa. Dette er areal der snøen smeltar ut utover sommaren og gjev beitedyra tilgang på fersk nygroe når plantene elles fell i kvalitet. SpelsauGammelnorsk spelsau i Vangrøftdalen med Forollhogna i bakgrunn. Foto: Yngve Rekdal

Det meste av utmarka i Nord-Østerdalen må sjåast på som eit kulturlandskap skapt gjennom mange generasjonars utmarkshausting. Dette har gjeve eit ope skogbilete og ein grasrik undervegetasjon. Mange stader er no prega av lågt beitetrykk slik at skogen tetnar og høge urtar  overtek undervegetasjonen på den beste marka. Dette fører til at beitekvaliteten går ned, det særeigne plantelivet knytt til den nedbeitte grasmarka blir borte og terrenget blir mindre framkomeleg for ferdsel. Skal kvalitetane i utmarka takast vare på må det settast inn ein meir målretta skjøtsel.
Særleg viktig er nærområda til setrene, opne areal i botnen av seterdalane og den grasrike skogen. I skogsområda er det svært viktig at også storfe kjem ut på beite da sauen åleine ikkje greier å hindre tilgroing i denne voksterlege vegetasjonen.

EngbjørkeskogFrodig bjørkeskog med grov, glissen tresetting er ein rest etter det gamle slåttelandskapet. Her i Hovdenget i Gammeldalen. Foto: Yngve RekdalUt frå vegetasjonskartlegginga er det gjeve tilråding av høveleg tal beitedyr for ulike område. Dette viser at det er rom for ein god auke i dyretal i dei kartlagte områda. Ser ein på slaktevekter på sau frå Nord-Østerdalen, dokumenterer desse også det gode utmarksbeitet. Kanskje er utmarka av dei store fortrinna landbruket i Nord-Østerdalen har. Tilhøva burde ligge til rette for å utvikle eit meir utmarksbasert landbruk. Sett i høve til satsing på reiseliv, med produksjon av særeigen lokal mat, er det med basis i utmarka mulegheitene ligg. Kopla saman med den enda godt synlege historia i landskapet (høyløene ligg tett innover skogane), gjev dette eit godt grunnlag  for utvikling av lokalt reiseliv.

Den utførte kartlegginga av vegetasjon og beite er tilgjengeleg i form av rapportar på Skog og landskap sine internettsider. Kart vil også etterkvart bli lagt ut her.  Kommunane vil også få alt materiale tilgjengeleg.

 

Del artikkelen
blog comments powered by Disqus