Jærert - gamal sort med stort potensiale
Frå hausting av forsøk med jærerter: Arne Vagle frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland kjøyrer treskaren medan Lars Ødemotland følgjer med. Foto: Tone Woie Kverneland
Jærerta er ein gamal landsort som no kan koma i bruk att. Entusiastar har sørga for å ta vare på frø av den gamle sorten, og i 2009 blei det både gjort dyrkingsforsøk og undersøkt om det er marknad og interesse for å starte dyrking og sal av den tradisjonsrike erta.
Kokkar prøver erta
I rapporten frå prosjektgruppa kan ein lesa at gruppa kjenner seg viss på at jærerta har eit stort marknadspotensiale. Fleire spørsmål frå serveringsstader om levering av erter tyder på det. Fordi det ikkje finst nok erter har desse fått avslag i denne omgang. Imidlertid har to utvalde kokkar fått ein liten slump erter kvar til å eksperimentere med i matlaginga. Prosjektleiinga ventar spent på deire erfaringar, og vonar at erta både kan nyttast aleine eller saman med andre råvarer i nye produkt.
Dyrkingsforsøka viser at jærerta er lett å dyrke. Dei 1,6 kg erter som vart sådd ut om våren blei i løpet av sommaren til 45 kg hausta vare av god kvalitet. Ertene blei dyrka saman med havre. Ein stråstiv sort blei bruka for å gi ertene noe å klatre i. Ertene som blei hausta var gode både som sukkererter og som modne erter eigna til ulike formål, m.a. tørka og malne til mjøl.
Vi bør eta meir erter
Fordi erter har store føremoner både i dyrking og i kosthald er det venta at erter vil bli meir dyrka og bruka i framtida. Erter bind nitrogen frå lufta og kan dyrkast utan nitrogengjødsel. I forsøka med jærerta var det heller ikkje naudsynt å sprøyta mot sjukdomar. Rapportar om verdas matforsyning slår også fast at vi bør ete meir av erter og belgfrukter som er rike på både protein og fiber.
På Jæren er det derfor stor interesse for å starte opp kommersiell produksjon av jærerta, både blant bønder, hos forbrukarar, restaurantar og hos dei som skal omsette og selje. Jærerta er ein av førebels berre tre grønnsaksortar i Norge, som er godkjent i Slow Foods Smakens Ark, som rommer særeigna, tradisjonsrike og sjeldsynte produkt med god smak og kvalitet.
Bevaringsverdig sort
For Genressurssenteret er det gledeleg at produksjon av gamle sortar av matplantene våre blir tatt opp att. Landbruks- og matdepartementet arbeider no med eit nytt regelverk for offentleg godkjenning og registrering av bevaringsverdige sortar av matplanter på den offiisielle sortslista. Jærerta vil truleg fylle krava for godkjenning og kan bli den første grønnsaksorten som kjem inn på lista etter den nye ordningen.
Forprosjektet Jærert - ein matspesialitet frå Jæren og Rogaland, er gjennomført av ei prosjektgruppe med tilhald på Jærmuseet. Dyrkingsforsøka er gjennomført av Norsk Landbruksrådgiving. Prosjektgruppa arbeider no med ei vidareføring.
Jærerta vart forøvrig presentert som såkalla kulturminneplante i Kulturminneåret i fjor. Du kan lese meir om erta i omtalen som Sverre Bakkevig skreiv, sjå menyen til høgre.
