Kystgeita i Selje får si eiga utstilling

29.01.2010
Kystgeit i Selje

Kystgeita er ein sterkt truga husdyrrase, men auka etterspurnad etter kjøt og andre produkt gir håp om auka produksjon. Foto: Lasse Fløde

Kystgeita er ein sterkt truga husdyrrase. No får den særmerkte geita si eiga utstilling, og den opnar på Norsk Landbruksmuseum på Ås søndag 31. januar.

Kystgeita er ein unik norsk geitestamme som vert halden for produksjon av kjøt. Kystgeita vert ikkje mjølka og den gjeng ute heile året. Det er funne omtale av kystgeitehald helt attende til 1700-talet, og denne driftsforma var truleg mykje utbreidd på store delar av vestlandet.

Betre tider for kystgeita
No er det berre i Selje kommune at vi kan finna bønder som framleis driv dette tradisjonelle geitehaldet, og rasen kystgeit har overlevd her. kystgeitKje av kystgeit fotografert i vinterlige omgivelser på øya Skorpa 3. februar. Foto: Otto Teksum LundI tillegg finst ein liten populasjon forvilla kystgeit på øyene Skorpa og Sandsøya sør i Møre og Romsdal. I dag finst omlag 180 avlshundyr igjen i Selje, og Genressurssenteret definerer rasen som sterkt truga.

Sjølv om talet dyr har auka dei seinare åra er det framleis eit stort behov for å auke populasjonen og salet av livdyr. God etterspurnad etter tradisjonell mat frå kystgeit, og god respons på nyutvikla produkt gir håp om betre tider for gardsdrift med kystgeit.

Smak på kjøt frå kystgeit
Det er dette særmerkte geitehaldet i Selje som er tema for utstillinga som vert vist på Norsk Landbruksmuseum på Ås i vinter. Utstillinga fortel om ein unik rase og dei gamle tradisjonane som har overlevd i Selje. Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Nordfjord Folkemuseum, Kystgeitlaget og Norsk Landsbruksmuseum med stønad frå Selje kommune, Norsk Kulturråd, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Norsk Sau og Geit og frå Norsk genressurssenter.

Etter ein periode på Landbruksmuseet skal utstillinga flyttast til Selje. Utstillinga på Landbruksmuseet opnar 31. januar kl. 13. Av programmet nemner vi at Jørn Simenstad spelar på bukkehorn og det blir smakar av spekjekjøt av kystgeit.

Del artikkelen

Kommenter denne artikkelen

skogoglandskap.no ønsker velkommen til en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Vis regler

Kontaktpersoner

Anna Rehnberg

 

Fakta om

Kystgeit

 

Alt vi har om

Husdyrraser