Eplesider og juice frå gamle sortar

Asbjørn Børsheim serverer Hakastadsider til Knut Nes og Gunnbjørg Øyre som er ansvarlege for samlinga med eplesortar som er bevart på Hjeltnes Gartnarskule. Foto: Åsmund Asdal

Gamle eplesortar som Ribston, Bramley's Seedling, Franskar og Torstein er igjen i bruk når Ulvik frukt og cideri på Hakastad i Ulvik lagar eplejuice og eplesider.

På Hjeltnes vidaregåande skule (tidl. Hjeltnes Gartnarskule) i Ulvik ligg ein av dei største samlingane av eplesortar i Noreg med over hundre gamle og nye sortar. Når Asbjørn Børsheim skulle starte produksjon av sider og juice var det naturleg å prøve ut ein del av dei gamle eplesortane.

Gamle sortar i bruk att
- Vi har eksperimentert med ulike sortar og sortsblandingar, og det har resultert i fleire produkt med særeigne smaksopplevingar, fortel Børsheim som driv Ulvik Frukt & Cideri på Hakastad. - I dag brukar vi 10-12 ulike eplesortar i produksjon av nærare 15000 liter juice og sider av eple i året, og vi ser at det er ein aukande marknad for godt epledrikke med mangfald i smak, aroma og kulturhistorie.

Den store sortssamlinga på Hjeltnes ligg berre nokre få steinkast unna, og der var det rikelig med sortar å velje i. Skulen har og sin eigen planteskule som har produsert epletrea til Børsheim. - For oss er det flott å sjå at dei gamle eplesortane som vi har tatt vare på frå gamle fruktgardar i Hardanger no kjem til nytte, seier Gunnbjørg Øyre som er rektor på Hjeltnes.Plantearven på FlaskeepleplassenLike ved sortssamlinga på Hjeltnes ligg Flaskeepleplassen der ein kan kvile seg og sjå på eple av gamle sortar. Flaskeeple er ein eplesort som Olav H. Hauge skreiv dikt om, og diktet om flaskeeplet er hoggen i stein i bordplata på Flaskeepleplassen. Foto: Åsmund Asdal

Grønt sureple frå Hardanger
- Det syner at det var eit viktig og verdifullt innsamlingsarbeid skolen gjorde på 90-talet då mange av dei gamle eplesortane gjekk ut av bruk. I dag dominerer nokre få nye sortar, ikkje berre i Hardanger, men i heile landet, seier ho.

Blant sortane som ein kan smake i eplejuice frå Ulvik frukt og cideri er Karin Schneider, Aroma, Gravenstein, James Grieve, Idunn og Franskar. Seinare vil Discovery og Ripston komme inn i juicesortimentet. Eplecider blir laga mest frå Aroma, men sortar som Bramley Seedling, Raud Torstein, Ribston, Signe Tillisch og ein spesialitet frå Hardanger; Grønt sureple er med å gi sideren ein særeigen smak.

Tre av gamle sortar kan tingast
Fem ulike typar av eplejuice vert seld i 2011, og i tillegg to typar av Hakastadsider. Ulvik Frukt & Cideri på Hakastad  er og ein av tre gardar i den såkalla Frukt- og siderruta i Ulvik. Dei tre gardane reklamerer med at dette er den einaste ruta i sitt slag i Noreg. Dei andre gardane er Syse gard og Hardanger Saft- og siderfabrikk som ligg på Lekve. I tillegg til smaksopplevingar kan du og, om du er heldig, få litt kultur med på kjøpet, til dømes opplesing av eit dikt av den kjende ulvikingen Olav H. Hauge.

Sortssamlinga på Gartnarskulen er ein av tretten samlingar med gamle fruktsortar som blir tatt vare på i samarbeid med Genressurssenteret. I tillegg til å bevare genressursar er målsettinga at sortene skal brukast, gjerne i kommersiell dyrking, som på Ulvik Frukt & Cideri i Ulvik. Tre av gamle sortar kan tingast, mellom anna frå Hjeltnes vidaregåande skule i Ulvik.

Eksterne lenker

 

Del artikkelen
blog comments powered by Disqus