Du er her: Forside > Aktuelt > Publikasjoner

Arealrekneskap for Noreg - Fjellet i Hedmark


Forfatter Yngve Rekdal , Geir-Harald Strand
Publisert i/av NIJOS rapport
Utgave/nummer 06/05
Sidetall 39 s.
Årstall 2005
ISBN 82-7464-332-1
Kategori Rapporter til oppdragsgivere  
Språk Nynorsk  
Nøkkelord arealstatistikk; vegetasjonskartlegging; arealforvaltning; utmarksbeite

Sammendrag

Prosjektet ”Arealrekneskap for Noreg” har som mål å gje ein nasjonal dokumentasjon av arealdekke, arealbruk, vegetasjon og naturtypar i Noreg. Eit av tiltaka er ei utvalskartlegging av arealressursar. Den praktiske metoden for denne kartlegginga tek utgangspunkt i eit nettverk av storruter på 18 × 18 kilometer som er lagt ut i kartprojeksjonen UTM-33/ WGS84. I sentrum av kvar storrute er det plassert ei feltflate på 1500 × 600 meter (0.9 km2). Arealressurskartlegging på flatene foregår etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå. Denne rapporten dokumenterer resultat frå ei utvalskartlegging utført for fjellområda i Hedmark. Fjellet i Hedmark er heilt dominert av fattig heivegetasjon, ofte med høg lavdekning. Spesielt for fylket er den store forekomsten av alpin røsslynghei. Berre 2,5% av arealet høyrer til rike engsamfunn som er dei viktigaste areala både med omsyn til beite og biologisk mangfald. Eit skarpt bergartsskilje skapar store forskjellar i artsrikdom og produktivitet frå det rike fyllittområdet i nord til fattig sandstein i midtfylket.

Referanse

Rekdal, Y. & Strand, G.-H. 2005. Arealrekneskap for Noreg - Fjellet i Hedmark. NIJOS rapport 06/05: 39 s.